Bevar Hardanger meiner me kan spara oss ut av kraftkrisa. Det meiner eg ikkje er mogeleg. Dette har eg sagt til Vestlandsrevyen i ettermiddag. Noregs nest største by, eit stort omland, industri og befolkningsvekst. Me kan ikkje spara oss ut av ei kraftkrise i dette området. Ny kraft må fram. Løysingar er noko sentrale styresmakter må ta stilling til. Det er rett og slett skremmande at me i eit land med overflod av energi har ordna oss slik at me set med beredskapsplanar i kommunane på grunn av mogeleg utkopling av straum.