onsdag 9. februar 2011

Litt om kraftliner

Eg lovde ei kort oppdatering på situasjonen rundt kraftlina Kollsnes-Mongstad. Situasjonen er slik.

NVE har gitt innstilling til Olje-og Energidepartementet. Korleis dei handterer saka er ikkje avklart. Departementet kan ta ei avgjerd, eller dei sender saka til Stortinget. Me reknar med at dette vert avklart om nokre veker. Departementet har sagt klart i frå om at kommunane som er berørt av kraftlina skal høyrast. Synfaring er og aktuelt. Kommunen som lokal styresmakt vil gi uttale når departementet tek kontakt med oss.

Me (kommunestyret) vil ha kraftlina i traseen mellom Kollsnes prosessanlegg og Naturgassparken, helst alt i jord. Det er det kommunen har bedt om då konsesjonssøknaden var til høyring. Grunngjevinga for jordkabel er kort og godt det flate og sårbare landskapet her hos oss.

Det er viktig med eit folkeleg engasjement i saka.