fredag 11. februar 2011

Tilbakeblikk

I dette innlegget vil eg gi litt informasjon frå dei siste dagane:
Torsdag 3. februar var me ein tur i Barne-og Likestillingsdepartementet i Oslo. Me snakka varmt om regionen si satsing innanfor barnevernet. Dei fire kommunane i Region Vest ynskjer å vertra betre, både fagleg og når det gjeld tilgjenge (vaktordning). Me ynskjer å ta utfordringar som barn og familiar får i ein tidleg fase, slik at me unngår reparasjon i sein fase. Departementet synest prosjektet vårt er bra, men lovde ikkje noko over bordet. Me ber deptartementet m.a. om pengar til prosjektutvikling og støtte generelt. Dette er eit solid godt prosjekt forankra i fagmiljøa i kommunane.

Fredag 4. februar hadde eg styremøte i nettverket av petroleumskommunar i Kristiansund. Me førebur ei sak til kommunestyra i kommunane Aure, Aukra, Lindås, Austrheim, Øygarden og Tysvær. Me vil formalisera eit nettverk som skal ta i vare desse kommunane sine interesser som ilandføringskommunar. Det er mange område der me har felles interesser, m.a. sikra framtida til anlegga, eigedomsskatt, taksering av anlegga m.m.
Eg leier dette styret men det er eit privilegium. Dei eg har eg med meg arbeider godt. Svært godt.

Måndag 7. februar hadde me Tinget i Vest, Askøy rådhus, ein møteplass for formannskapa i Region Vest. Dette har du sikkert les om i avisa. Eg har omtalt dette tidlegare. Interessante innspel frå forsamlinga. Forankring i kommunestyra når det gjeld regionalt samarbeid er viktig. Vil du lesa meir om dette arbeidet finn du informasjon på http://www.regionraadetvest.no/

Tirsdag 8. februar hadde me introduksjonskurs for nytilsette i Øygarden kommune. Hyggeleg å møta desse menneska som har vald Øygarden kommune som arbeidsgjevar. Flotte presentasjonar av dei ulike fagområde i kommunen.

Onsdag 9. februar var det reiselivskonferanse i Liaskjærshallen med fokus på utviklinga av reiselivet vestom Sotrabrua. Mange gode innlegg. Det er viktig å spissa marknadsføringa. Fokus på kor me ligg geografisk er viktig. Dra nytte av Bergen som mange kjenner (namnet og kor byen ligg). Eg hadde innlegg om samhandling mellom offentlege og private aktørar når det gjeld reiseliv. Eg meiner slik samhandling er viktig for å lukkast.,

Seinare denne dagen møtte eg byrådet i Bergen om kraftmastrer, saman med mine kollegaer frå Nordhordland. Bergen forstår at me vil ha linja mellom Kollsnes- Mongstad i jordkabel.

Torsdag 10. februar hadde me møte med konsernsjefen i Sintef, Unni Steinsmo. Møtet var mellom styret i Gode Sirklar AS og Sintef. Unni Steinsmo trakk opp nokre interessante framtidsperspektiv som me absolutt må ta tak i. Det ligg eit stort potensiale i teknologisk utvikling når det gjeld ressursane i havet. Dette gjeld olje, gass og ikkje minst matproduksjon og energiproduksjon. Me skal følgja dette opp framover og spissa arbeidet i Gode Sirklar AS inn mot ei ny framtid.

I dag fredag går turen til Havnerådet. Bergen og Omland havn er viktig. Gods inn og gods ut.