Kva er det me fartar for?
Jau, det er viktig å byggja relasjonar. Torsdag er det til Oslo og møte med departementet om felles barnevernssatsing i Region Vest (Askøy, Fjell, Sund og Øygarden). Me ynskjer å verta ein pilot på samarbeid innanfor barnevernet. Det betyr at me ynskjer større ansvar og sjølvråderett over løysingar og pengar. Til det treng me departementet si støtte.
Fredag er det til Kristiansund og møte i nettverket for ilandføringskommunar (olje og gass). Ilandføringskommunane planlegg å etablera eit nettverk som skal ta i vare våre interesser mot selskap og styresmakter. Saker som takstsering av anlegg, eigedomsskatt m.m. er berre nokre tema.
Å vera ein del av eit nettverk er viktig. Relasjonar må byggjast. Gjennom relasjonar kan kommunen sine interesser ivaretakast.