onsdag 16. mars 2011

Departementet i dag

I dag har eg vore i Olje- og Energidepartementet og hatt møte på statssekretærnivå om kraftlina Kollsnes-Mongstad, saman med kollegaene frå Lindås, Austrheim og Radøy. I tillegg møtte byrådsleiar frå Bergen, og fylkesvaraordføraren. Vårt budskap er enkelt. Linja må leggjast i jord. Møtet vart halden i ein god tone.

Det som skjer no er at saka kjem på høyring til berørte kommunar samt at departementet kjem på ei grundig synfaring. Alt dette vil føregå i mai. Kva tid ein fattar eit vedtak er ikkje avklart. Slik er situasjonen.