tirsdag 22. mars 2011

Toftøy skule - ei flott oppleving

Heildagsbesøk på Toftøy skule, ei flott oppleving

Saman med Børge Haugetun (komite for levekår) besøkt eg i dag Toftøy skule. Føremålet med besøket var å sjå skuleanlegget, besøk i klassane, samtale med skulen si leiing om mål og resultat og tilhøvet til foreldreorgana.

Rektor Elise Nyborg-Christensen hadde sydd saman eit flott program. Eg var innom alle klassane og seinare på dagen i SFO. Flotte elevar og flotte lærarar. Elise er ein tydleg leiar med klare mål og forventningar til sine medarbeidarar. Sterkt fokus på eleven og resultat. Det er eit godt samarbeid med FAU. Dette vart stadfesta i eit felles møte på ettermiddagen.

Inspirerande å møta elevar og lærarar på Toftøy