tirsdag 8. mars 2011

Ordføraren sine lønsslippar - god sengelektyre

Jammen fekk kommunen ein e-post herom dagen. Begjæring om innsyn i ordføraren sine lønsslippar for heile 2010. Spesielt, men begjæringa må imøtekomast, det seier lova.
Avsenderen var anonym, men ei e-postadresse er tilstrekkeleg. E-posten er ført på postlista og eit "sværande system" er sett igong for å imøtekoma kravet om innsyn i lønsslippane. Det er mykje våre tilsette skal arbeida med. Godtgjersla til ordføraren er offentleg. Godtgjersla for ordførarvervet er fordelt i 12 like delar. Årleg godtgjersle er kr. 720 000 om nokon lurer....

Det er fleire kommunar som har fått slik begjæring. Les her: http://www.vol.no/nyheter/notiser/article436243.ece   eller:  http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article4060457.ece