mandag 7. mars 2011

Kva skjer


Me er i mars og langt inni eit nytt driftsår. Det er vanskeleg å formidla alt som skjer eller skal skje men eit lite utdrag kan vera på sin plass.

Du kan lesa meir ved å trykkja på lenka under bildet.

Besøk oss på rådhuset 15. mars. Denne dagen har me "ope rådhus". Då vil du få informasjon om mangt og det vert høve til å spørja oss

Den 16.3. reiser eg til Oslo, saman med kollegaene i Austrheim, Radøy og Lindås for å snakka med departementet om kraftliner i luft mellom Kollsnes og Mongstad. Me ynskjer denne lina i jord der ho går over land. Ikkje noko enkel sak, ref. Hardanger.

Me arbeider med kommuneplanen. Dette har eg informert om ført. Eit omfattande arbeid som ikkje er ferdig før mot slutten av dette året.

Kommunedelplanen for Rong vert det arbeidd med. Dette tek tid. Det er så mange detaljar som skal takast omsyn til. I forbindelse med informasjonsmøter i høve kommuneplanen vil eg informera meir detaljert om status for dette arbeidet.

Når det gjeld investeringar elles dette året, så viser eg til Nyhendemagasinet som kom ut for eit par veker sidan. Her finn du ei opplisting over investeringstiltaka dette året.

Arbeidsgrupper jobbar fram løysingar for kostnadsreduksjonar. Dei neste åra skal me redusera kostnadsbudsjettet vårt med mange millionar. Eg har stor tillit til våre tilsette når det gjeld å fremja dei gode løysingane, men enkelt vert det ikkje,

Me få finna ei endeleg løysing for bygging av ny barnehage på Toftøy. Saka kjem opp att i kommunestyret i april. Då skal me ha fått avklart om Norsk Luthersk Misjonssamband kan ta¨på seg bygging og drift av ein barnehage på Toftøy.

Framtida for Stureterminalen kvernar i hovudet heile tida. Her meiner eg at kreftene må samlast slik at me unngår avvikling, på sikt.