lørdag 12. mars 2011

Tragedien i Japan - uverkelege bilete

Enno ein gong rullar uverkelege bilete over skjermen, denne gongen frå Japan. Krefter me ikkje rår med utslettar byar og infrastruktur. Menneske forsvinn i malstraumen av vatn og vrakgods. Forferdelege greier. Me kan ikkje anna enn føla med dei som er råka. Det er vanskeleg for oss, langt her oppe i trygge Noreg å fullt ut forstå korleis menneska i katastrofeområdet har det, men me anar at dette er grusomt. Me sender våre kondolansar og tankar til folket som no er råka.