fredag 11. mars 2011

Hardanger og Voss - erfaringsoverføring

Som de veit satsar kommunane her i vest på turisme (reiseliv). I går var ein delegasjon av representantar frå næringslivet og kommunane på besøk til Hardanger og Voss for å læra meir om dette temaet. Det var innlegg om næringsutvikling, reguleringsarbeid, bruk av strandsona m.a. i Norheimsund der ein har fått ein ny sjøfront i sentrumsområdet. På Voss fekk me informasjon om utvikling av Voss Fjellandsby i Myrkdalen. Eit gedigent prosjekt med suksess. Her er eit stort område lagt ut til utbygging gjennom eit omfattande reguleringsarbeid (kommunedelplan). Turen var svært lærerik.