fredag 25. mars 2011

Tusen takk! - og kven får takka?

Øygarden kommune skal redusera kostnadar. Det er ingen enkel sak.

Har du lese det siste nyhendemagasinet frå kommunen? Der står det at me skal redusera utgiftene våre med 35 mill. dei neste åra,  5 mill. i år. Dette er ikkje eit enkelt arbeid. Min filosifi er at slike utfordringar må forankrast ute i organisasjonen og at løysingane ligg på den enkelte arbeidsplass. Det er semje om at slik må det vera og våre tillitsvalde og tilsette har teke denne utfordringa og har levert sine forslag til kostnadskutt.

Tusen takk til tillitsvalde og tilsette som tek utfordringa. Eg håpar me finn dei gode løysingane og for neste runde som vert meir utfordrande. For oss politikarar er det viktig å sikra ein berekraftig økonomi. For å få det til er me avhengig av eit godt samarbeid med tillitsvalde og tilsette.