onsdag 9. mars 2011

Vatn og avlaup - er det viktig? Eit besøk til Stord

Som de ser av tidlegare innlegg har eg vore i Afrika. Der kan kan eg ikkje drikka vatnet frå springen, ofte berre ein tynn stråle frå dusjen, og nedspylinga i toalettskåla er så som så. Ute på landsbygda er tilhøva enno enklare. Me er priviligerte her Noreg. Sjølv om trykket ikkje alltid er like kraftig har du og eg reint vatn i springen 24 timar i døgeret. Men, no ynskjer me kraftigare spissing og fokus på denne tenesta.

I dag har formannskapet og administrasjonen besøkt Stord kommune og selskapet Stord Vatn og Avlaup. Me skal og etablera eit eige kommunalt selskap for vatn og avlaup og må læra av andre. Stord etablerte sitt selskap for eit par år sidan. Målsettinga er å få større fokus på kvalitet og utbygging av ledningsnettet. Vatn er mat. Det krev innsats. Kommunestyret i Øygarden handsamar selskapsetableringa i april.

Møtet med Stord Vatn og Avlaup var svært nyttig.