Eg ser at det i lesarinnlegg i VestNytt vert etterlyst kva ein meiner om framtida til Blomvåg skule og at det vert gitt garantiar med takkebrev. Men kor lenge gjeld desse garantiane? Det vil eg tru er viktig dersom ein ynskjer at skulen i Blomvåg skal oppretthaldast over tid. I ein artikkel i VestNytt ser me og at utbyggjarar av bustadområde i Oen som i dag soknar til Blomvåg, ser fram til ny skule på Tjeldstø. Nokon ser altså for seg at elevar frå område i Breivik krins skal gå på den nye skulen på Tjeldstø. Det betyr ei utarming av elevgrunnlaget for Blomvåg.
Ordføraren har ikkje tenkt å avvikla Blomvåg skule.