I går var det nærmiljømøte for Breivik krins, der BKK mellom anna orienterte om status for arbeidet med kraftlina Kollsnes-Mongstad. Naturleg er folk i krinsen oppteken av denne lina, då trasevala berører både natur og bygder. Det kunne ha vore fleire folk på møtet. BKK stilte med toppleiinga i BKK Nett og prosjektansvarlege.
Kraftlina Kollsnes-Mongstad, kva skjer no:
- Olje- Enegidepartementet har no ein høyringsrunde. Dei kjem på synfaring i slutten av mai og vil då besøkja alle kommunane som er berørte. Det er viktig at dei som føler seg berørt av lina gir uttale dersom ein ynskjer det.. Her finn du informasjon om OED si høyring i saka: http://www.regjeringen.no/nb/dep/oed/dok/hoeringer.html?id=2048
- Øygarden kommune kjem til å gi uttale i saka, på eit sjølvstendig grunnlag. Frammøtte på nærmiljømøte gav uttrykk for at kommunen må halda fast på traseen som går over Osundet og vidare til Naturgassparken og til Oksneset (det sørlege alternativet).
- Kva tid departemententet kjem til å fatta vedtak kan ikkje me seia noko om no. Dette styrer departementet. Me vil ha ein dialog med departementet framover og informerer når me veit noko meir.
Eg har hatt møte med departementet si politiske leiing om kraftlinesaka, slik at den er løfta opp på høgaste politiske nivå, saman med Austrheim, Lindås og Radøy som og vert berørt av linja.
Her finn du detaljert informasjon om kraftlina Kollsnes-Mongstad: http://www.bkk.no/sok/?sok=Kollsnes-Mongstad