Bergensregionen veks. Fram mot 2040 reknar ein med at det vert 160 000 fleire innbyggjarar, 80 000 ny bustader, like mange arbeidsplassar og kjøpekrafta aukar med 65 % i forhold til idag. Dette betyr mykje planlegging. Me er ein del av Bergensregionen. Vegar og transport, kvar skal folk bu, utvikling av regionsentra, fortetting, viktig med kort veg mellom heim og arbeid. Det vert no sett igong eit omfattande planleggingsarbeid for infrastruktur, bustadareal, transport m.m. Fylkeskommunen har eit overordna ansvar for samordning av planleggingsarbeidet.