17. mai 2011 er historie. Eg fekk delta eit par stadar i denne flotte kommunen vår. Tradisjonane vert haldne i hevd. Folk møter opp, og travle foreldre stiller opp i arrangementskomiteane. 17. mai rommer så mykje: Eidsvoll, Eidsvollsmennene, fedrelandet, songane om fedrelandet, krigen, fridomen, notid, korpsa, is og brus. Oppi alt dette er det viktig å hegna om historia og ikkje ta alt som sjølvsagt. Me har det jamnt over godt i Noreg, det skal me takka for. Fridom og velferd er dyrt kjøpt.
Alle som stiller opp denne dagen og legg til rette for 17. maifeiringa er gode tradisjonsberarar. Takk skal de ha!