Onsdag kom Olje- og Energidepartementet på synfaring i Øygarden. Dei ville sjå traseane som er aktuelle for framføring av kraftlina mellom Kollsnes og Mongstad. Øygarden kommune sitt val av trasé går ut frå prosessanlegget på Kollsnes via krysset inn til Næringsparken og vidare ut i fjorden aust for Oksneset. Kommunen vil ha linja i jord. Dette vart framheva i samtalane med departementet sine folk. Møtet mellom kommunen og departementet vart halde i ein god tone. Grunneigarar var og tilstades og fekk framføra sitt syn.
Kva tid departementet fattar eit vedtak i denne saka, er usikkert. Men det vart poengtert at dei veit at det hastar på grunn av kraftsituasjonen i området.