I dag var eg invitert av Hordaland Fylkeskommune til å halda eit innlegg for reiselivsaktørar i Hardangerregioen. Seminaret var lagt til Røldal. Stikkord var erfaringsoverføring og samhandling (samarbeid mellom næringsliv og offentlege instansar). Her ute ved kysten er me i den "spede begynnelse" når det gjeld å marknadsføra reiselivet vårt og ikkje minst den flotte naturen omkransa av havet og fjorden.
Det me har gjort vert lagt merke til, spesielt kommunen sitt engasjement for marknadsføring og omdømmebygging. Interessant sjølv for reiselivsaktørar i Hardangarregionen, ein region med mykje turisme i mange år og lang erfaring.
Her finn du vårt reiselivsmagasin dersom du ynskjer å oppleva Øygarden: https://www.oygarden.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=477&AId=881