søndag 5. juni 2011

Eldsjeler i lokalsamfunnet

Denne veka låg det ein invitasjon i postkassen

Den kom frå Nærmiljøutvalet på Toftøy. Dei inviterte til ope kulturnaust i Toftevågen. Eg veit kven som står bak dette og dei fortener omtale og ros. Bileta i invitasjonen viser eit renovert naust, robåtar som er overhalt og blankpussa og tønner og fiskereiskapar. For eit flott og omfattande arbeid som er gjort.

Naustet er ope tirsdag 7. juni kl. 18.00.

Tusen takk til eldsjelene i Toftøy Nærmiljøutval og lykke til med kvelden. Eg håpar det kjem mange besøkande.