lørdag 4. juni 2011

Teikn på sommar

Foto: Olav M. Vik
Me er på full fart inn i den første sommarmånaden. Våren ligg bak oss, den er historie. No får me håpa at det vert nokre dagar med varme.
Eit av mange teikn på sommar er alle cruiseskipa som går sør og nord Hjeltefjorden. Dei kjem sørover om morgonen og fer nordover om kvelden. Nokre dagar er det fleire skip same dagen. Trafikken på denne årstida er stor i fjorden, alt frå små fritidsbåtar til store cruiseskip. Det er flott å sjå på og det gjer fjorden "levande".