fredag 1. juli 2011

"Basenytt" frå CCB

Eg fekk "Basenytt" i hendene i dag. Det er eit nyhendemagasin frå CCB på Ågotnes. Me skal vera glade for CCB og ringverknadane aktiviteten ved basen har i vårt nærområde, med store bedrifter som t.d FMC og Aker Solutions for å nemna nokon. Aktiviteten gir arbeidsplassar og utvikling. I tillegg satsar CCB langs kysten med fleire basar og nyvinninga er CCB Kollsnes AS, eit selskap som skal driva sin aktivitet ut i frå næringsparken i Øygarden. Vindkraftsatsinga i regi av CCB Kollsnes AS får stor omtale i "Basenytt". Flott at CCB AS m/ Kurt Andreassen i spissen, satsar. Det bra for heile regionen, inklusive Øygarden.