torsdag 30. juni 2011

Media og stakkarsleggjering av menneske

Målet med dei kommunale tenestene er å gjera kvardagen betre m.a. for menneske i vanskelege situasjonar og få dei tilbake til eit, etter våre auge, normalt liv. Det er gjer ein best ved å yta tenester men og stilla krav. Samfunnet stiller krav til oss alle, også når det gjeld å gjera opp for oss.
Det vert lovd meir og meir av tenester og goder. Det klarar ikkje politikarane å halda fullt ut fordi dette heng nøye saman med økonomiske ressursar. Me bør vera forsiktig med å kasta blår i augene på folk, særleg innanfor område med stor kompleksitet når det gjeld tenester.
Både media og politikarar som køyrer fram for seg enkeltmennske i eit valår bør tenkja seg om. Enkeltmenneske vert eksponert og huska. Er det rett å stakkarsleggjera menneske? Veit me kva opinionen eigentleg meiner om slikt? Er det alltid så hyggeleg når kameralysa er slått av og journalisten finn seg nye beitemarker? Kven står då att og skal rydda opp?