Det er val i år. Det ser og høyrer me m.a. i media. Saker vert omtalt og belyst. Det er viktig. Det er og viktig å vera spørjande til noko av det ein ser og høyrer.
Mange saker har fleire sider og er kompliserte. Det kjem ikkje alltid fram i overskriftene og oppslaga. Kommunane yter tenester til mennesket før det er født og etter at livet er slutt. Det er litt av eit spenn og krevjande, ikkje minst for våre tilsette. Eg trur mange har ein tendens til å forenkle oppgåvene i kommunane, noko som gjerne kjem til uttrykk i eit valår.
Uansett, det er viktig at du som veljar nyttar deg av røysteretten, enten ved førehandsrøysting eller på valdagen. Gjennom valet har du rett til å gjera dine val for framtida.
Informasjon om det praktiske rundt kommunevalet finn du for vår kommune på: http://www.oygarden.kommune.no/