onsdag 20. juli 2011

Dei neste 4 åra og Øygarden fram mot 2020

Eg har hatt det privilegium å vera ordførar i Øygarden i 11 år. Det har vore lærerikt og gitt erfaring. Historia er viktig, den dannar grunnlaget for framtida. Dei neste 4 åra vert krevjande for politikarar og tilsette.
Krav til samhandling, kvalitet og utvikling samtidig som offentleg økonomi vert strammare vert ikkje lett å handtera. Me skal og tenkja langsiktig, mellom anna gjennom kommuneplanarbeidet som me held på med i desse dagar.

Stikkord som Oljemelding, Samhandling, Regionalt samarbeid, Kostnadskutt, Effektivitet, Kvalitet, MOT, Folkehelse, Tilsette, er berre nokre av overskriftene for det som ventar oss, i tillegg til dagleg kommunal drift, utbygging av kommunale anlegg som vatn og avløp, berre for å nemna nokre område.
Me er vertskommune for olje- og gassanlegg. Me må sikra desse anlegga si framtid, difor stikkordet Oljemelding.

Eit område som må ha meir fokus er kommunen som Skuleeigar. Det er kommunen sitt ansvar å ha velfungerande opplæring av born og unge. Skulen er ikkje berre bygningar, det er mest innhald.

Eg tenkjer Øygarden fram mot 2020. Korleis vil me at Øygarden skal utvikla seg? Vil Øygarden vera Øygarden, eller vert me ein del av eit større fellesskap? Eg ynskjer eit sterkt lokalt sjølvstyre.