torsdag 18. august 2011

Kontrastar

Tirsdag denne veka var eg invitert til Rotary på Sotra for å halda eit innlegg i høve hendingane på Utøya og Oslo. Eit krevjande men interessant tema der overskrifta var korleis ein lokalt handterer kriser og samarbeid på tvers av rollar og tenesteområde i kommunen og andre etatar.
I forlenginga av innlegget var det samtale om hendingane og korleis ein som enkeltmenneske opplevde dramatikken og dagane som følgde. Det er viktig å ikkje gløyma at kvar dag opplever enkeltmenneske kriser i sitt liv, sjukdom, død, - i kommunen må me ha fokus på alle som treng vår hjelp i slike situasjonar, til ei kvar tid.

Onsdag markerte Kystmuseet sitt 15-årsjubileum med inviterte gjestar. Ei enkel markering der også bidragsytarar var tilstades. Det var hyggeleg å vera tilstades på denne markeringa der eg på vegne av kommunen kunne overrekkja ei pengegåve på kr. 100.000,00. Kystmuseet er viktig for kommunen, m.a. innanfor reiseliv og omdømebygging, men ikkje minst fortelja historia om øygardssamfunnet. Det er m.a. planar om å fornya utstillinga, renovera kjøkkenet og forlenga kaianlegget framfor museet. Dette krev store investeringar.