Så kom september og med den haustværet. Det vart heller ikkje bruk for parasollen på terrassen denne sommaren. Solglytta me fekk kunne ikkje stengjast ute med ein parasoll. Parasollen er no tilbake i kjellaren.
Du som eg har sikkert lengta etter fine haustdagar, me får vona at dei kjem om ikkje så lenge.
Det er kommune- og fylkestingsval 12. september. Det er viktig at du nyttar deg av røysteretten. Dei politiske ambisjonane er mange og store og du lurer sikkert på om du skal tru på alt. Uansett så er det slik at summen av politikk og politiske vedtak formar samfunnet over tid. Dersom du har levd ei stund og ser Øygarden i dag og går nokre år attende, så er det ein forskjell. Det har skjedd noko. Du kan vera med å påverka denne utviklinga gjennom dei val du gjer.
Vennleg helsing
Olav Martin