søndag 4. september 2011

Triksing med tal - ei avklaring

På førstesida i VestNytt vert TVØ skulda for triksing med tal. Både Otto Harkestad (AP) og Aud Karin Oen (SV) har namnet sitt under denne overskrifta. Dersom dei skuldar TVØ for taltriksing skuldar dei og Øygarden kommune for å triksa med tal. I mangel av betre argument tyr ein til ord som taltriksing og bruk av prognosar frå SSB. Prognosar er ikkje statistikk, det er ynskjetenkning.

TVØ brukar tal som til ei kvar tid er reelle. Når det gjeld elevtal brukar me kommunen sine tal.Me veit at det er variasjonar, men me ser også trendar. Frå 2010 til 2011, auka folketalet med 33 i Øygarden. I dette talet ligg tilflytting og fødslar. Det er 0,8% vekst. Dette ligg langt under SSB sine prognosar for vekst i Øygarden og elles i regionen.


Olav Martin Vik
Ordførar (TVØ)