lørdag 10. september 2011

Kommunen sin økonomi og nærværet

Neste veke skal formannskapet handsama driftsrapporten pr. 31.8. Eg er orientert om eit sjukefråvær som no er nede på 6,1 % i snitt. Det er historisk lågt og ikkje anna enn imponerande. Trivsel på arbeidsplassen er viktig for den tilsette og for det arbeidet som skal gjerast, ofte eit krevjande arbeid.

Eg er og orientert om at driftsresultatet dette året kan verta betre enn budsjettert. Går alt som planlagt endar me opp på 20 mill. kr. i overskot. Det betre enn budsjettert og kjem frå høgare inntekter. Me må følgja nøye med framover slik at me har kontroll på økonomien. Nokre utgifter er høgare enn budsjett, det må gjerast noko med.