lørdag 10. september 2011

Politisk kommentar frå Olav Martin ved avslutning av valkampen

Valkampen i Øygarden er omtrent avslutta. Diskusjonane på nettet vil nok gå litt til. Eg tillet meg å ta bladet fra munnen og gi nokre få kommentarar som slår litt i forskjellige retningar.

VestNytt og rektor ved Bakken/Alvheim skule
- Eit meir planlagt valkampopplegg frå VestNytt skal ein vel leita lenge etter. Det verste er at ein har skyssa ein rektor framfor seg og gjort vedkomande til ein del av valkampen. Det er lagt merke til. Ein skal ikkje underslå tilstanden på kommunale bygg og utfordringane kjenner me, men å laga ein artikkel utan nyansar bør ein stilla spørsmål med. Eg reknar med lesarane skjønar opplegget. Når det gjeld rektorar som kjem og går så er det biletet også nyansert, ikkje einsretta slik rektor gir inntrykk av. Det verkar som om rektor trur at ein ny skule kjem neste år. Slik er det ikkje. Om skulen skal byggjast så vil det ta 4 år før den står klar. Ein ting er sikkert: TVØ tek ansvar for framtida til alle elevane i Øygarden. Det er TVØ som har drive prosessane og me skal finna løysingar også for Bakken/Alvheim.

Høgre eller Høyre er eit kommunesamanslåingsparti. Det er også slik at Høgre arbeider for å fjerna eigedomsskatten. Eg reknar med at folk er klar over det. Lokalt seier ein at dette ikkje er aktuelt men eg minner om kva partiet sentralt meiner. For Øygarden utgjer dette 120 mill. kr. i året.
Høgre var seinast på Kystmuseet og viste fram det flotte museet saman med sentrale Høgrefolk. Det merkelege er at ein av dei fremste representantane for Høgre, Kjetil Rong, har vore sterkt kritisk til løyvingane til museet og også kyrkja. Flott at ein viser fram Øygarden, men ein burde gjerne fortalt kven som har stått for utbygginga, ikkje minst ved Kystmuseet.

SV fokuserer på ufrivillig deltid for kommunalt tilsette. Eg presiserer at dette er noko kommunen arbeider med. Ikkje alle vil jobba fulltid. Større fleksibilitet når det gjeld arbeidstid og turnusar er noko me arbeider med. Det gjeld å finna gode løysingar som ikkje minst vert akseptert hos arbeidstakarorganisasjonane. SV er langt frå aleina om å meina noko om deltid. Prosessane er i alle fall i gong for lenge sidan, slik at du veit det.

Ei riktig god helg til alle.

Vennleg helsing
Olav Martin