Les du dette innlegget så er det frå året 2011.
Mindre skule på Tjeldstø
- I VestNytt i dag kan me lesa at Høgre i Øygarden må ut å forsvara avtalen med KrF og Arbeiderpartiet. Det er ikkje noko godt teikn. Me kan og lesa at skulen må gjerast mindre. Skal ein kutta i kostnadar slik Høgre skriv må bygget gjerast mindre og enklare. Antageleg må og den store idrettshallen som er ein del av skulen gjerast mindre eller fjernast. Den er vel på storleik med kulturhussalen på Rong. Å byggja ein mindre skule/idrettshall på Tjeldstø har ikkje Arbeiderpartiet gitt uttrykk for i plannemnda. Heller motsatt. Bygget har blitt større gjennom den prosessen. Eg trur folk i Øygarden må få ei oppklaring på dette. I tillegg skal Høgre, KrF og AP no byggja idrettshall på Rong. Dette reknestykket går ikkje i hop.
Kommunestyret i går.
- Kommunetyret gjorde vedtak om å leggja vassledning over Rongesundet frå Rong til Toftøy for å sikra vassforsyninga til begge krinsane. Dette vil kosta 1,4 mill.
- Kommunestyret har gjort vedtak om å sikra kaien i Naturgassparken med ISPS-gjerde og CCB får oppdraget med å drifta kaien. Høgre (Uavhengig), SV og Borgarleg Fellesliste røysta mot dette. Slik var voteringa egentleg: Uavhengig, SV og BF røysta for eit utsettingsforslag frå Uavhengig. Ved endeleg votering var det berre SV som røysta mot forslaget. Dei er feil at Uavhenigig og BF røysta mot ved endeleg votering.
- Etter framlegg frå ordføraren er eigenbetaling for tryggleiksalarmar oppheva med tilbakeverkande kraft for heile 2011.
Sakene finn du i sin heilskap på http://www.oygarden.kommune.no/