mandag 19. september 2011

Opprydning - i dag fer dressane

Det er måndag og ny arbeidsveke. Du er sikkert lei av politikk, eg kjem attende til det ein annan dag, så difor skriv eg om litt andre ting. I dag kan me levera klær til Ukraina (trur eg). Eg har i alle fall saumfart kleskapet etter klær som er brukande men som eg ikkje brukar. Det minner meg om at me har det utruleg godt. Me har råd til klesskifte og mat på bordet. Vel, i dag fer nokre dressar som er nokre år gamle, men fullt ut brukande for dei som ikkje har. Nokre skjorter og bukser i same slengen. Som ordførar må ein vera litt pen i tøyet så det har vorte kjøpt nokre skjorter dei siste åra.

Så har eg rydda på kontoret. Det er mykje rart ein tek vare på. Kvifor, lurer eg på no. Det er vel slik at det kan koma godt med tenkjer me. Frykteleg mykje papir, produsert opp att og opp att på same sak. Det er så godt å ty til når spørsmåla kjem, desse papira, men som ein knapt veit ein har før ein blar gjennom bunken. No går papirbunkane til destruksjon og fornying og kjem att som blanke ark, får me håpa.

Olav Martin