søndag 18. september 2011

God morgon Øygarden

Realitetane
Hausten kjem sigande mot oss. Det hadde vore hyggeleg med litt sol og mindre regn. Me måtte skifta takstein på huset. Det har aldri regna så mykje som desse dagane snekkarane har drive på oppe på taket. Dette er litt sutring om veret. Ute i verda dør menneske av svolt medan me sutrar over marginane. Me skulle hatt det litt betre?

Sutring
I dei siste dagane har det hagla med kritikk mot meg og TVØ (og 774 veljarar). Du kan lesa nokre facebook-sider arrangert av VestNytt. Der skulle ein tru at me held på å omkomma her ute, i alle fall enkelte stadar. No er det slik at gode argument prellar av dersom ein har bestemt seg for ikkje å ta realitetane inn over seg. Det nyttar difor ikkje å ramsa opp velferden som er bygt ut for alle i denne kommunen. Sutring og syting har eg ikkje så mykje sansen for som du forstår. Enkeltmenneske sine utfordringar i livet skal me ta innover oss, men den generelle sytinga går ikkje inn på meg.

Søndagen
Nyt denne dagen du har fått. Det er faktisk ein kviledag slik at du kan ta deg inn att etter ei arbeidsveke og møta ei nye veke. Gled deg over livet og menneska rundt deg.

Ha ei fin veke.

Vennleg helsing
Olav Martin