Kjære veljar, 774 veljarar gav ein ein stemme til TVØ. Gruppa har vore størst i kommunestyret i Øygarden sidan 1995. Slik vart det no og. Tusen takk til kvar enkelt av dykk. Sjølv må eg få takka for tilliten veljarane har gitt meg ved dette valet og tidlegare val. Takk for 212 ekstra kryss.
Korleis me kan forvalta tilliten og forventningane frå våre veljarar veit eg ikkje noko om no. Me har 8 av 23 representantar og er avhengig av eit samarbeid for å koma i posisjon og og med det påverka politikken i Øygarden.TVØ set ikkje på alle nøklane for å eit eventuelt samarbeid, men er innstilt på å finna samarbeidsløysingar om andre grupper/parti vil ha eit samarbeid med oss.
Vennleg helsing
Olav Martin