Kjære lesar, eg veit ikkje kven du er eller kvifor du les bloggen min. Det er i alle fall mange som les. Sikkert nokon som synes innhaldet er ok og andre mislikar det. Slik er det. I alle fall, bloggen vert ikkje avslutta fordi om eg no ikkje vert ordførar lenger. Det kan godt henda at du mister interesse for å lesa bloggen, men eg vert med i politikken vidare og kjem til å skriva i ei meir spissa form. Når ein er ordførar må ein vera "pynteleg" og snill. (ref. Facebook i regi av VestNytt der sentrale politikarar ukritisk legg ut merkelege tekstar, ein må lura av og til....)
Etter 11 år som ordførar og 15 år i posisjon vert det befriande å ta bladet frå munnen, både her og i kommunestyret.