Det er eit skille mellom politikk og administrasjon, men som ordførar kjem ein tett på realitetane og kvardagen for våre tilsette. Det arbeider mange menneske i Øygarden kommune. Kommunen leverer tenester frå før fødsel til etter død.Tenester skal gå 24 timar i døgeret, saker skal handsamast og det kjem kritikk når ikkje alt går som forventa. Når eg no trer frå som ordførar vil eg seia at eg er stolt over våre tilsette som kvar dag tek hand om smått og stort og som produserer tenester til innbyggjarane våre.