mandag 10. oktober 2011

Politisk kommentar - kommuneøkonomien

Uansett korleis me vrir og vender på det; -kommunebudsjetta er sett under press. Statsbudsjettet stadfestar dette. Samtidig lovar sentrale politikarar, enten ein er blå eller raud, meir velferd og høgare kvalitet.  Me vert etter kvart nødt til å definera standardar på offentlege tenester. Eg trur alle er klar over at ein stad stoggar oppoverpilen. Samtidig må me arbeida for å få meir att for pengane me brukar. Det er viktig at alle tenesteområde er velfungarande m.a. gjennom kompetanse hos tilsette og innsikt i arbeidet som skal utførast. Tida skal brukast effektivt og målretta. Å dyktiggjera tilsette er viktig. Eit godt arbeidsmiljø er viktig. Gjennom god samhandling i alle ledd vil ein lukkast med effektiv bruk av pengane me har til rådvelde. Det kjem våre innbyggjarar og brukarar av kommunale tenester til gode.