Etter ei veka med litt meir varme (under andre himmelstrøk) enn det me har her på Vestlandet vart det ein brå overgang å møta hausten denne søndagen. Akkurat no skin sola litt, men i fjellet kom vinteren og det minner oss om at den varme årstida definitivt er slutt for denne gong.
Komande onsdag vert det og eit omskifte for meg personleg. Då er det definitivt slutt som ordførar etter 3 periodar. Eg må innrømma at det kjennest spesielt, men politikken er slik og me må vera førebudd, så langt det er mogeleg, å skifta rollar. Så vert det nokre dagar med omkobling og nye oppgåver ventar.