torsdag 27. oktober 2011

Politikk, arbeidsmengde og ei oppklaring

VestNytt prøvde seg å referere samansetninga i formannskapet i Øygarden i ei tidlegare avis. Namna vart aldri rette sjølv etter eit forsøk på korrigering. I dag prøver avisa seg på nytt å forklara litt om Planutvalet og Plan- og Byggenemnda og kven som har leia kva. Det vert ikkje rett omtalt. Det rette er at Planutvalet har vore leia av underteikna i 11 år.
Planutvalet har vore dei same representantane som i formannskapet. Sentrale politikarar som bør ta ansvar for reguleringsarbeid og kommuneplanarbeid og saker som berører folk direkte som t.d. arealsaker og dispensasjonar. Den nye ordføraren vel å ikkje ta dette ansvaret og grunngjev det med arbeidsmengde og fordeling av oppgåver.

Ottar Vik har leia Plan- og Byggenemnda dei siste 4 åra. Denne nemnda har hatt ansvar for å planleggja og byggja bygningar og anlegg i samsvar med kommunestyret sitt investeringsbudsjett.