I går hadde eg eit innlegg på ein stor konferanse på Voss med representantar for vestlandsfylka, næringslivet m.fl. Temaet eg hadde fått å snakka om var samhandling. Spesielt i mindre kommunar er det viktig at det vert ei samhandling mellom private aktørar og det offentlege. Så lurer du gjerne på kva som ligg i ordet samhandling. Nokre døme: I senterbygningen på Rong er kommunen tungt inne som leigetakar, ein langsiktig leigetakar. Då visningssenteret for laks skulle etablerast vart det til gjennom eit samspel mellom Blom Fiskeoppdrett, Øygarden kommune, Norges Vel og Kystmuseet. Turistar som besøkjer Kystmuseet får høve til å besøkja Statoil sitt prosessanlegg på Kollsnes. Visjon Vest (Sparebanken Vest) har løyvd midlar til ny kafé på Kystmuseet. Dette er samhandling.
Ressursane er avgrensa i små lokalsamfunn. Det er difor viktig at aktørane spelar på lag. Eit slikt samarbeid er ikkje alltid rosenrødt og det kan koma utfordringar gjennom konflikt mellom ulike interesser, slik me ser i nokre arealsaker. I alle fall og uansett: det er viktig å samhandla.