Tida går (eller kjem den til oss)
Kjære lesar, året 2011 er snart historie. Tida kan me ikkje skru attende. Me lyt berre ta imot tida som kjem til oss. Det skal me gjera med glede. Livet er skjørt. Nokre av dykk har mista ein nær og kjær, andre strir med sjukdom og ulike utfordringar. Det er viktig å bruka tida rett, men likevel leva slik at ikkje alt vert eit kav.
Politikk
Det vart så stille etter kommunevalet. Det er sikkert eg som føler det slik etter at min kalender vart litt annleis enn då eg var ordførar. Det tek litt tid å trappa ned. Men nokre spørsmål vert no hengjande i lufta:
Kvar vart det av Høgre i Øygardspolitikken? Det var Høgre som skulle ta økonomisk ansvar og redusera både her og der. Aldri har investeringsbudsjettet til kommunen for dei neste åra vore høgare og drifta er redusert etter ostehøvelprinsippet utan å sitja grenser eller standardar for tenestenivået.
Arbeiderpartiet slukte rått ein haug med ord som kom frå Høgre i kommunestyret sitt budsjettmøte og som skulle inn i budsjettvedtaket. Ord generer aktivitet, men kan og vera kostnadsdrivande utan at det vert produsert noko vetugt. Det verka som om ryggraden til Arbeiderpartiet var borte i møtet.
Nokre politiske spørsmål må me tillata oss
Kva skjer t.d. med MOT-arbeidet når det kjem ein ungdomsklubb?
Kulturhuset er for lite til kulturaktivitetar, - posisjonen vil byggja ein idrettshall - ikkje kultursenter.
Idrettsbana på Toftøy vert det ikkje gjort noko med. Må dette gjerast av idretten sjølv?
Vassforsyninga til Rong og Toftøy bør prioriterast med omprioritering av investeringsmidlar?
Til deg som les bloggen
Takk for året som ligg bak oss. Takk for at du les denne enkle bloggen min. Så ynskjer eg deg og dine eit godt nytt år.
Vennleg helsing
Olav Martin