fredag 30. desember 2011

VestNytt og leiaren 29.12. vitnar om liten innsikt

Eg tenkte at mitt forrige innlegg vart det siste dette året, men leiaren i VestNytt utfordra meg. Det er tale om flotte bygg kontra reint drikkevatn og framføring av leidningsnett. Først så kunne no avisa omtala politikarar med rett namn i ein leiar. Vel har eg skrivefeil sjølv men namn på kjente politikarar må avisa kunne skriva rett.

Så til innhaldet i leiaren. Det ein ikkje har greia på skal ein ikkje skriva noko om, i alle fall ikkje i ein leiar. Leiaren vitnar meir om eit lesarinnlegg enn ein leiar frå ein redaksjon. Hadde VestNytt følgd med i timen så ville dei funne ut at det er bygd ut leidningsnett for vatn og avløp i Øygarden for mange, mange millionar over mange år. Seinast no skal det byggjast leidningsnett på Toftøy for over 30 mill. kr.

Så vert det vist til dei flotte bygga. Kva meiner redaktøren med dette? Hadde eg hatt min arbeidsplass i desse bygga eller vore brukar av kommunen sine tenester ville eg protestert ovanfor avisa. Eg forstår ikkje at folk finn seg i ein slik omtale. Vil folk t.d. tilbake til det gamle legesenteret på Tjeldstø?

Eg kjem til å følgja dette opp med fleire innlegg når nyårshelga er over.


Olav Martin Vik