På onsdag var kommunestyret samla for å handsama budsjettet for 2012. Fleirtalet (Arbeiderpartiet, Høgre, KrF og delvis SV) sa nei til ei rekkje forslag frå TVØ, noko som har følgjande konsekvensar.
- Ingen oppgradering av idrettsbana på Toftøy.
- Ingen planlegging av vatn- avløp innover Torsvik gard mot Nortun og Neset.
- Ingen vidare planlegging av Fleirbrukshall/kultursenter på Rong
- Ingen vidare planlegging av PU-bustadar og leilighetsanlegg for ulike brukargrupper på Tednebakkane.
- Ingen utvikling av ein plan for skulen som omhandlar skulestruktur, lærings- og fagmiljø.
- Ikkje igongsetting av selskapet Øyvar som skal drifta og byggja ut vatn- og kloakkeringsanlegg
- Ikkje oppgradering av uteanlegget ved Rong skule.
Fleirtalet går inn for tiltak utan at det er lagt inn midlar i budsjettet. Det gjeld mellom anna ungdomsklubb. Kvar skal desse pengane takast i frå? Er det andre tiltak for born og unge det skal kuttast på?
Fleirtalet har ikkje sett av midlar til fond. Alt overskot vert brukt på investeringar, til saman 173 mill. kr. dei neste 3 åra. Mykje av pengane til investeringar må lånast.
TVØ og FrP var samde om tiltaka som fleirtalet sa nei til.