Det er merkeleg stille om politiske saker i Øygarden. Til og med avisa som før var kritisk og spørjande, ligg og andøver og refererer utan å stilla spørsmål om konsekvensar . Andøva er når robåten ligg i ro og du heldt han på plass med små åretak. Dei neste 3 åra skal ein bruka 173 mill. kr. på investeringar. Mykje av dette må finansierast med lån. Lurer nokon på kva pengane skal gå til? Eller er det slik at det berre er tekst og tal på eit papir?