tirsdag 21. februar 2012

Vatn -ei utfordring

Du og eg forventar at det er vatn i kranen kvar dag. Det er så grunnleggande viktig. Både Blomvåg vassverk og Toftøy vassverk må renoverast og setjast i stand slik at det vert ei trygg vassforsyning. Det må byggjast høgdebasseng i Rong-området slik at ein sikrar trykk og vatn om ein skulle få ein stans i produksjonen. Me må berre håpa på at ikkje algane kjem att i Stegeviksvatnet og at det vert ein våt vår og sommar (dessverre) slik at det vert nok vatn i Steinsvatnet i Blomvåg krins. Mykje regn berga oss i fjor.

Du kan lesa meir om denne saka og andre saker her: http://tinyurl.com/tekniske-saker
(Komitémøte 20.2.)

Ei utbygging/forsterking av Toftøy og Blomvåg vassverk krev mykje pengar. Det betyr ei omprioritering av investeringsmidlar.

TVØ meiner at eit eige selskap skulle stått for utbygging og drift av vatn og avløp i Øygarden.