mandag 20. februar 2012

Å verdsetja medarbeidarane II

I helga har 29 femteklassingar vore på leir på Skjergardsheimen. Leirane der er utruleg populære. Men det vert ikkje leir utan at nokon tek ansvar for innhald og leia aktivitetane. Eg skreiv eit innlegg tidlegare der eg skreiv litt om medarbeidarane mine. Denne gongen er det teamet vårt og barne-og ungdomskonsulenten som skal omtalast. Ingebjørg, Iselin, Therese,Sarah Elise og Hogne som er med på mange aktivitetar og tek ansvar for m.a. fleire av leirane våre. Det er eit stort ansvar å leia desse leirane. Takk skal de ha for ein flott innsats. Takk og til alle frivillige som stiller opp og hjelper til.