Som leiar vert det mykje innearbeid. Kontoret og pc-en er stort sett verktøyet. Dei siste dagane har vore annleis. Eg har vore med min gode medarbeidar Kåre Kristoffersen og hjelpt han med praktisk arbeid når kollegaen Janesh Amenya har fri. Eg var med, mest for å læra.
Kåre er kyrkjetenar i Blomvåg samt at han har ansvaret for gravplassane i Blomvåg og arbeidet knytt til det. I tillegg er han skøyteløpar av klasse, på fritida. Det har vore mykje arbeid dei siste vekene for mannskapet mitt og eg har lært mykje når eg no har vore ute i "praktisk arbeid" m.a.på gravplassane. Våre tilsette kjem nær dei sørgjande og skal ta hand om det praktiske på ein slik måte at det vert litt lettare for dei etterlatne. Det er krevjande men meiningsfyllt. Når det no går mot helg vil eg berre takka alle i staben vår, Svenn M,. Kari, Kåre, Anne Lise, Janesh og Bjørg som står på kvar dag og gir råd og hjelp til menneske i sorg.