Det er flott å køyra forbi barnehagetomten på Toftøy og sjå at arbeidet med den nye barnehagen har starta.
Kommunen har fram til no opparbeid sjølve tomten. Å få ein ny barnehage på Toftøy har vore ei viktig sak for TVØ, mi gruppe. Den vil løysa ei utfordring for foreldre som ikkje har barnehageplass i Øygarden og ikkje minst for dei som køyrer i feil retning om morgon og kveld for å levera borna i barnehage. Me får og sanert dei midlertidige løysingane (bygga) som no står på skuleplassen på Toft.
Etter kvart vil det nye barnehagebygget reisa seg og det er vel slik at fram mot jul i år vil borna vera på plass:) Godt å tenkja på.