Eg har tidlegare skrive om Bergensregionen som kjem til å veksa. Alle prognosar viser vekst. Region Vest kjem til å få sin del av veksten. Vår utfordring ligg i å få bygd ny bru til Sotra og nye internveger mellom Sund og Ågotnes. Skal me trekkja arbeidskraft og verksemder til oss må kommunikasjonslinene vera effektive. Det vil gå fleire (mange) år før nye vegar er på plass. Det går alt for lang tid å planleggja og beslutta i dette landet. Me er og nøydd å planleggja strategisk lokalt.
I Øygarden har me no ei stor utfordring. Dei siste hendingane, der m.a. no rådmannen har sagt seg opp, noko eg beklagar sterkt, ligg ein dempar på mykje. Viljen til innsats, fokuset og tenking om framtida og planlegging som me no hadde trengt så mykje av, vert oppslukt av heilt andre utfordringar. Me er og på etterskot med kommuneplanen som er eit viktig dokument for å møta vekst og styra etter.
Det vert mykje som må reparerast framover. Ikkje minst tilliten mellom menneske, administrasjon og politikk. Det er ikkje gjort over natta.