I vanskelege saker er det fleire sider, - også i saka som mange oppfattar gjeld Familiens Hus, ei eining i Øygarden kommune. Det folk i Øygarden må vera klar over er at media og andre har valsa over den eine sida. Lurer du på kvar det vart av den andre sida, eller kvifor nokon uttalar seg og andre ikkje? Er det no slik at nokon er lojale mot eit system som tek knekken på dei? Muligens burde nokon ha brote tausheten slik at biletet vart meir nyansert eller klårare. Eg trur ikkje du skal rekna med at media gir deg heile biletet.