fredag 23. mars 2012

Priviligert

I VestNytt kan me lesa om veksten i bedrifter, spesielt i Fjell, dei siste åra. Øygarden tilhøyrer ein arbeidsmarknadsregion som også inkluderer Bergen. Me er utruleg priviligert som tilhøyrer ein region som tilbyr breidde på typen arbeidsplassar. Det har også vore vekst i Øygarden. Det er gledeleg. Me vil alltid slita med avstanden til sentrale strøk, kva me kan tilby av arbeidsplassar og tilgong på relevant arbeidskraft. Det siste er ei utfordring for heile Bergensregionen. Gjennom eit godt regionalt samarbeid vert det viktig å ta vare på det som er skapt og utvikla framtida til det beste for bedrifter og innbyggjarar.